15.03.2012

GIVE ME A KISS FROM PARIS


Eg var visst ein tur innom Paris for ein månad sidan ...

Soundtrack: Free Deejays - Kiss From Paris (Extended Track)

15.01.2012

THAT'S HOW IT'S SUPPOSED TO BE

... LIVING YOUNG AND WILD AND FREE


Så, eg har absolutt ikkje peiling - men viss verden skal gå under, skal eg gå under med god samvittighet. Det her året skal eg finne ut kva eg vil, kor eg skal og kven eg vil vere. Eg skal ta meg tid til å sei ja, og lære meg å sei nei. Eg skal sei ting som dei er, og vere ærleg sjølv om det betyr at det kanskje gjer vondt der og då. Eg skal bestemme kva eg vil, og gi litt meir faen i kva folk meiner og seier. Eg skal ta meg friheta til å lære av mine eigne feil, sjølv om det betyr at eg kjem til å faceplante med skrubbsår og vondt gang på gang. Eg skal ta vare på dei eg er glad i og som er glad i meg, og eg skal droppe dei som drar meg ned. Eg skal trakke mine eigne fotspor sjølv om det er speilblank is, djup og våt snø eller storm som møter meg. Det betyr med andre ord at eg har ein sjuk jobb foran meg, og at eg skal utnytte og yte og nyte kvart einaste sekund av kvar dag, veke og månad som går. Og veit du? Eg er så gira. Eg ser verkeleg fram til å gå på trynet og gjere feil, for tjuetolv er mitt år uansett kor fett eller fail det blir!


Soundtrack: Snoop Dogg & Wiz Khalifa ft. Bruno Mars - Wild, Young & Free

15.11.2011

I AIN'T GOT A DOLLAR

... BUT I FEEL LIKE A MILLIONAIRE
.
Tirsdagsmusikk.

05.11.2011

WHEN WE WERE YOUNG AND RECKLESS ...

... DUMB AND FEARLESS


Shit. "Au revoir, Mars" blei au revoir til mai, juni, juli. August og september, til og med oktober. Og no er det november. På tide no?

The Summer Set - When We Were Young

19.05.2011

LOVE IS LIKE A PAPER AIRPLANE

... FLYIN' IN THE FOLDED DENT, FLYIN' HIGH, DIPPIN' LOW

photo // priv


Soundtrack: Alison Krauss - Paper Airplane (spotify)

31.03.2011

FORCING LAUGHTER, FAKING SMILES

... SAME OLD TIRED, LONELY PLACE, WALLS OF INSINCERITY

photo_priv

Alt tar litt lenger tid no. Og sånn har det eigentleg vore lenge. Det tok lang tid å innsjå at det tar lengre tid. Det tar lang tid å sove. Det tar lang tid å fokusere. Det tar så vanvittig lang tid å tenke. Det å finne ut av ting, konsentrere seg og bestemme noko, det er eit livsprosjekt. Utruleg vanskeleg. Å finne eit svar. Ja. Nei. Joda. Neida. Joda ... Det er vanskelegare òg. Alle spørsmåla. Alt er veldig vanskelig. Ting forandrar seg over tid. Det tar berre tid å innsjå det. For tid er alt. Alt. Absolutt alt. Må berre bruke det rett tydeligvis. Då burde det ikkje vere så vanskeleg då. Men det tar lang tid å innsjå det. Så har ein plutseleg veldig lite tid igjen.

Au revoir, Mars.


Soundtrack: Taylor Swift - Enchanted (spotify)

30.01.2011

ONCE WHEN I WAS LITTLE, I ...

photo // priv

used to feel so strong, even when they tell me - tell me I was wrong. That I can't live in a magic world. 'Cause it's time for me to grow up. That I got to be like the rest of them. When I know they're acting up.

So here comes the next one, the next in line: Stay as young you can, for the longest time. 'Cause those days flew by, like a breeze just passing through. Once, when I was little ...


03.12.2010

IT'S NOT WHAT I DIDN'T FEEL

... IT'S WHAT I DIDN'T SHOW
.
Det var stille og hav ... Stillehav. Stille. Hav. Stille hav. Sola skein og livet var liksom flott. Plutseleg var det storm i glaset. Storm i glaset liksom. Går det an? Uflaks. Så blei ein plutseleg forvandla til ein orkan i tillegg. Snurrar og gjer alt verre enn det var. Sånn at ein ikkje veit om babord eller styrbord. Ikkje kor høge bølgene er. Ikkje kva veg stormen bles eller går. Slik at all kunnskap blir i uvisse. Sjølvsagt var leikebåten lekk òg. Då var det vel innsett at det var dømt. Stormen strømma inn i båten. Det var ikkje lenger berre storm i glas. Det var storm i båt. Det var storm og orkan i båt samtidig. Bølgene vart høgare over båten. Båten blei iallefall lågare under bølgene. Det var visst storm heilt i botnen òg. Orkan var der også. Leikebåt tåler ikkje så mykje. Storm og orkan blei stille. Ikkje lenger stille og hav. Død og hav. Død. Hav. Døde hav.
.
Så kom salt hav rennande frå auga.
.
.
Soundtrack: Maroon 5 - Misery

29.10.2010

I GIVE UP, I GIVE IN, I LET GO, LETS BEGIN

... 'CAUSE NO MATTER WHAT I DO, OH, I JUST CAN'T GET ENOUGH
.
photo // priv
- til Ida-Marie
.
Det har kanskje tatt altfor lang tid. Det tar litt tid kanskje. Det tar litt tid å få tenkt. Få gjort seg opp ei meinig. Og det tar tid å tenke meir. Men det som tar mest tid er å bestemme seg. Det tar lenger tid. Har ikkje fått nok tid endå. Tid er så altfor vesentleg. Tankar er så vesentleg. Og meiningar, fleire tankar og avgjerelsar. Det er tusen ting som må stemme. Endå fleire som bør gjerast først. Det aller viktigaste er vel å gløyme alt. Berre gå ifrå problema og la dei løyse seg sjølv. Eller? Gå ifrå spørsmåla og sjå om svara kjem av seg sjølv. Eller? Det einaste eg veit er at tid er vesentleg. Eller? Eg veit ikkje. Om tid er vesentleg, problem løyser seg sjølv eller svar kjem av seg sjølv - veit eg ikkje. Men eg treng meir tid. Tid er vesentleg for meg. Tankar er vesentleg for meg. Meiningar, meir tankar og avgjerelsar er vesentleg for meg. Og akkurat derfor tar det kanskje altfor lang tid eller litt tid. Tid tar det iallefall.
.
.
Soundtrack: Colbie Caillat - You Got Me (spotify)

09.10.2010

LISTEN TO WHAT WE'RE NOT SAYING

... LET'S PLAY A DIFFERENT GAME THAN WHAT WE'RE PLAYIN'
.
photo // private
.
Det kjennest ikkje heilt riktig lenger. Det er så mykje som er usagt. Det er så mykje at alt blir feil. Uansett kva. Det er liksom ... ingenting som blir riktig. Det er så mange forskjellige ting på eingong at ingenting vil løyse seg opp. Ting har venta for lenge. Ingen vei tilbake. Det har blitt for mykje, og no har alt stoppa opp. Kanskje derfor det ikkje verkar riktig lenger. Fordi alt har stoppa opp. Kanskje det er alt det som har forblitt usagt. Eller kanskje det berre er sånn? At det ikkje skal kjennest riktig? Eg veit ikkje. Alt eg veit er at det som er no, betyr noko. Når alt går i stå, og ingenting vil fungere, kjenner eg at eg er noko. Og at du er. Og at vi er.
.
.
Soundtrack: Avril Lavigne - Why (spotify)